Dagseminar om bygningsvern i Kvam

Publisert 06.10.2026

Gudbrandsdalsmusea, Kulturminnefondet, Fortidsminneforeininga, Nord-Fron kommune og Innlandet fylkeskommune inviterer til dagsamling for eigarar og drivarar av historiske bygningar, tun og anlegg.

Gudbrandsdalen har ein heilt særeigen posisjon når det gjeld vern av den gamle bygningsarven. Her ligg 20 prosent av dei freda husa i Noreg, noko som gjev store moglegheiter, ikkje minst for eigarane.

Tema for samlinga er vern, samarbeid, prioritering og utvikling. Programmet for dagen ser slik ut: 

Kl. 11.00-11.15 Knut Aastad Bråten, Gudbrandsdalsmusea: Velkommen!
Kl. 11.15-11.45 Amund Odenrud, eigar av Veikle: Planar for garden og bygningane
Kl. 11.45-12.15 Simen Bjørgen, Kulturminnefondet: Støtteordningar
Kl. 12.15-13.00 Lunsj
Kl. 13.00-13.30 Kaisa Heidsve, Innlandet fylkeskommune: Moglegheiter og rammer
Kl. 13.30-14.15 Helene Fjellheim, Kristin Wiig Larsen og Ingebjørg Jenssveen / Nord-Fron kommune: Forvaltning, rammeverk og SMIL-midlar
Kl. 14.15-14.30 Kaffi og biteti
Kl. 14.30-15.00 Per Oluf Solbraa, tidlegare eigar av freda og verneverdige landbruksbygg: Erfaringar i kulturminnearbeid
Kl. 15.00-15.30 Håvard Syse, Gudbrandsdalsmusea og Amund Odenrud: Vegen vidare