Foredrag om Nonneseter kloster

Publisert 05.10.2026

Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag inviterer til foredrag Åslaug Ommundsen: Nonneseter kloster i Bergen: 900 år i bybildet

torsdag 15.10.26 kl.19 i Bjørnafjorden bibliotek, Hovudutlånet, Holtbrekka 7, Os

Like ved Jernbanestasjonen i Bergen, ved bybanestoppet "Nonneseter", kan me i dag sjå restane etter Noregs største benediktinarkloster for kvinner. Den ståande tårnfoten høyrer til den eldste delen av Bergens steinarkitektur og kan gå tilbake til før 1130. Med anleggsarbeidet som no går føre seg og rivinga av dei tilstøytande bygningane, trer klosterbygningane endå tydelegare fram. Kvifor blei klosteret grunnlagt, og kven budde her? Bli betre kjent med ein viktig del av bygningsarven frå mellomalderen.

Åslaug Ommundsen er professor i mellomalderlatin ved Universitetet i Bergen. Ho arbeider primært med mellomalderens bok- og skriftkultur, men forskar også på liturgi og helgenkult, kloster- og kyrkjehistorie.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Velkomne!

 

 

Bilde:  

Nonneseter kloster. Bergen Anno 1320. Mellomalderklynga/arkikon

Åslaug Ommundsen. Foto: Eivind Senneset