Foredrag om restaurering av vindauge

Publisert 13.10.2025

Velkommen til foredrag om restaurering av vindauge 19. november kl. 18-20 på Stranges Stiftelse!

Fortidsminneforeningen i Hordaland set vedlikehald og reparasjon av vindauge på dagsorden i haust.

Gamle vindauge står utsett til for vær og vind, og er viktige deler av det visuelle uttrykket til bygningen. Så langt som mogleg bør dei bevarast som dei er for å bevare sjela til eit hus.

Frå gamalt av var det lagt stor flid i sjølve handverket ved produksjon av vindauge  og i særleg grad gjeld det val av gode materialer: Som regel tettvaksen furu der kjerneveden (eller alen) vart teken vare på og brukt til spesialsortimentet vindauge. 

Desse vindauga fortener å bli teke vare på - og det viser seg at sjølv om dei er målingsslitne, så er veden innanfor stort sett frisk og av aller beste kvalitet. Det ligg pengar i å setje gamle vindauge av god kvalitet i stand att: Demontere, skrape vekk maling og kitt, olje, kitte, setje i evnt nytt glas og male. Gjort på rette måten med godt handarbeid, bra med tid og ispedd ein dose kjærleik, så vil  det reparerte vindauget faktisk leve mykje lengre enn nye vindauge.

Foredraget blir med Byggmeister Tony Dale og vil handle om desse prosessane - på eit overordna nivå og vonleg vere både engasjerande og motiverande. Vi satsar på 2 x 35 minuttar med innlagt kaffi- og pause for diskusjon/spørsmål.

Foredraget er gratis for medlemar av Fortidsminneforeininga Hordaland. I ettertid av dette foredraget vil interessen for eit kurs om vindaugsrestaurering bli sjekka ut mellom publikum. Foredraget vil i seg sjølv bidra til kunnskap som dei fleste vil kunne ha nytte av som eigarar av  gamle hus/gamle vindauge.  

Foredraget vil verte arrangert på Stranges Stiftelse, Klostergaten 28, 5005 Bergen, kl. 18 – 20, onsdag 19. november.

Ver venleg å meld dykk på til Ida på epost hordaland@fortidsminneforeningen.no innan dato slik at vi veit kva vi går til mht førebuing.