Foredrag om Vestlandshus
Publisert 13.09.2021
20. september kl. 18:00 og kl. 19:00
Eva Røyrane, forfattar av boka Vestlandshus, vil fortelja historia om det avlange, kvitmåla våningshuset som, saman med den vanlegvis raude løa, i løpet av 1800-talet hadde blitt eit landemerke og kjenneteikn på vestlandske gardstun. Med tida er dei fleste av desse karakteristiske bygningane blitt erstatta av nyare bustadhus som hovudhus på garden. Husa som står att finst i dag i svært ulik framtoning. Nokre har blitt ståande lenge utan vedlikehald og syng på siste verset. Andre har fått nødvendig vedlikehald og er lite endra. Atter andre er ombygde både ut- og innvendig.
Røyrane viser også variantar av dei attståande vestlandske våningshusa der gammal byggeskikk møter ny arkitektur, og vi får døme på korleis det tradisjonelle våningshuset kan tilpassast dagens behov og framleis brukast som heilårsbustad.
For at flest mogleg skal ha moglegheit til å få med seg dette har me sett opp foredraget på to tidspunkt, kl 18:00 og kl 19:00. Kryss av for tidspunktet som passar best for deg når du melder deg på.
PRIS: Medlemmer (Fortidsminneforeningen): kr 100/Ikkje-medlemmer: kr 200
Betaling med Vipps ved ankomst.
SERVERING: Sal av kaffi, te og noko å bita i.
PÅMELDING: Av omsyn til smittevern har me eit avgrensa tal på deltakarar på arrangementet. Me ber difor om at alle som ønskjer å delta på foredraget melder seg på via denne lenka.
VEL MØTT!
Helsing styret i Fortidsminneforeningen Rogaland