Kurs i vindusrestaurering Hjelmeland

Publisert 24.08.2022

Ryfylke lokallag inviterer til kurs i vindusrestaurering på Fossane gard i Hjelmeland 16. til 17. september.

Kursobjekt: Empire vindu på Fossane gard eller eige vindu.

Instruktør: Leif Harald Jørmeland

Kursstad: Fossane gard, Fundingslandvegen 105, Hjelmeland

Tidspunkt: 16. – 17. september

Oppstart: Fredag 16. september kl 9.00

Målgruppe: Utøvande handverkarar og andre med interesse for tradisjonelt bygghandverk.

Kurset vil ta for seg: Ta ut ruter, reingjere rammer og sprosser, skifta ut dårlege deler, behandla treverket, nytt og gamalt, behandla beslag, skjera nye ruter.

Deltakaravgift: Kr. 300,- for medlemmer og kr. 500,- For ikkje medlemmer. Dersom du brukar eige vindu, blir det eit tillegg på kr. 300,-.

Overnatting: Det er muligheit for overnatting på Fossane gard. Tak kontakt med Janneke på mob 911 12 973.

Påmelding til: ryfylke@fortidsminneforeningen.no eller Grete Holmboe 480 01 359

Kurset er i samarbeid med Ryfylkemuseet og støtta av Studieforbundet Kultur og tradisjon.