Bli kjent med båtbyggarkulturen i Bjørkedalen
Publisert 20.09.2022
Temaet DRIVKRAFT for Kulturminnedagane 2022 er dekkande for å forstå kulturen for båtbyggarfaget som har sett Bjørkedalen på kartet både nasjonalt og internasjonalt. Arrangementet er i samarbeid med Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda, Bjørkedal Kystlag og Bjørkedal grendelag, og er kostnadsfritt for deltakarar.
Program laurdag 1. oktober
13.00-14.00: Bjørkedal båtsamlingar. Orientering og demonstrering ved Bjørkedal kystlag.
14.00-15.00: Vitjing i båtskotet til båtbyggjar Jakob Helset.
15.00-17.00: Boklansering Eventyrlege vikingskip på Ungdomshuset Fridtun
Frode Sætre, førstelektor ved seksjonen for idrett og friluftsliv, lanserer si andre bok med utgangspunkt i båtbyggjarkulturen på Bjørkedalen. Boka har tittelen Eventyrlege vikingskip. Bygde på Bjørkedalen. Segla av Ragnar Torseth. Presentasjon av arbeidet, samtale med Ragnar Torseth, og sal av bøker.
Sal av mat og drikke ved Bjørkedal grendelag.
Programomtale
På det meste var her tjuesju båtbyggjeri i Bjørkedalen som i dag rommar kring 150 innbyggjarar. Bygda ligg åtte kilometer frå sjøen, og terrenget til sjøen er til dels ulendt. Det seier seg sjølv at det var hardt arbeid å få båtane frå båtskota til sjøen ved båtdraging. Dugnad og samarbeid måtte til. Men bygda har naturgjevne føresetnader for båtbygging. Skogen veks på ein jordbotn rik på olivin, og dette gir godt grunnlag for vokster av båtvirke.
På Bjørkedalen har ein bygt båtar i over tusen år. Kjelder kan sporast tilbake til tidleg på 1500-talet ved at nemninga ‘sunnmørsbåt’ i to diplom frå 1536 truleg gjeld ein