Laftekurs på Fagernes

Publisert 05.03.2021

Lær deg å lafte - bli med på seks dagers kurs på Fagernes i mai.

Det blir mykje praktisk arbeid og ein del teori. Kurset går føre seg midt i Fagernes sentrum.

INSTRUKTØR: Laftar Henning Olstad

TID: 3.-8. mai 2021 (45 timar over 6 dagar, inkl. 2 kveldssamlingar)

STAD: Skiferplassen på Fagernes

PRIS: Kr 5.500 (rabattpris kr 4.500 for medlemmer av Fortidsminneforeningen og dei med årskort til Valdresmusea)

PÅMELDINGSFRIST: 20. april 2021

SPØRSMÅL OG PÅMELDING: Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar, epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no. tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065, Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset.