Litlebergen steinfest 2025

Publisert 24.04.2025

Denne festivalen skal vere ein samlingsplass for folk som har driva med tørrmuring eller har litt erfaring med naturstein.

I månadene før tørrmurar Haakon Aase gjekk bort i 2024 var han, saman med resten av arrangementskomitéen, i full sving med å planleggja ein tørrmuringsfestival på Litlebergen. Kongstanken til Haakon var kunnskapsformidling og kunnskapsutveksling, men han hadde òg alltid eit sterkt ynskje om, og eit sterk evne til, å knytte folk saman. Vi vel å tenkja at Haakon er med oss når vi no inviterer til Litlebergen steinfest 2025!

I løpet av desse tre dagane skal vi saman arbeida med å setje i stand ein gamal steingard som  har markert skiljet mellom innmark og utmark på garden Sunde på Litlebergen. Muren er prega av manglande vedlikehald over ei årrekkje. Her trengs både reparasjon og oppbygging frå grunn. Espen Marthinsen, Berit Bruvik og Steven Rowe vil leia dette arbeidet.

Meld det på og les mer på hjemmesiden - Litlebergen steinfest 2025