Medlemsmøte på Norland i Forsand

Publisert 20.09.2022

Ryfylke lokallag inviterer til medlemsmøte på Norland i Forsand. Tora Liv og Fridtjof inviterer til gards laurdag 24. september kl 12- 15.

Bygningane på Norland har vore vedlikehalde og restaurerte over mange år. Siste nye er eldhuset. Det var i svært dårleg stand, men er no ferdig restaurert med leirklint bakaromn som knapt er blitt tørr før me kjem.

Bygningane på Norland kan vera utgangspunkt for samtaler rundt bygningsvern, kva tek me vare på, for kven og korleis.

Tora Liv serverer spekemat og omnsbakt brød.

Pris kr. 100,- som betalast på plassen.

Påmelding til ryfylke@fortidsminneforeningen.no

Adresse: Norland, Kolabygda 572, Forsand