Medlemstur til industristaden Sauda 4. september.

Publisert 25.08.2022

Ryfylke lokallag av Fortidsminneforeningen har gleda av å invitera medlemmer og andre interesserte til tur til industristaden Sauda søndag 4. september 2022.

Turen er lagt opp slik at ein kan ta hurtigbåten tur/retur Stavanger. Dei som ønskjer å køyra sjølv er sjølvsagt òg velkomne til å vera med.

Turen blir arrangert i samarbeid med Sauda sogelag.

Pris
Medlem: 300 kr
Ikkje-medlem: 400 kr
Inkluderer servering.
Båtbilletten kjem utanom (den betalar kvar enkelt sjølv).

Betaling via Vipps (nr 95323) eller til kontonr 1503.88.80990.

Påmelding
Meld deg på via lenken her: https://pameldinger.no/e/ulicur
Påmeldingsfrist: 30. august 2022.

Kontaktinfo
Har du spørsmål til turen? Ta kontakt med Grete Holmboe:
Epost: ​grete.holmboe@haugnett.no
Mobil: 480 01 359

Last ned fullstendig program