Olsokkonsert i Rosekyrkja i Stordal

Publisert 18.07.2023

Kyrkjehola kulturbeite i samarbeid med Fortidsminneforeininga inviterer til sommarkonsert i Rosekyrkja Olsok 29. juli kl. 19.

Felespelar og songar Jorun Marie Kvernberg og trekkspelar Kristina Farstad Bjørdal møtast som duo i denne konserten. På repertoaret står tradisjonelle slåttar og songar frå Sunnmøre og Romsdal, og Kvernberg sine komposisjonar.

Dei to allsidige musikarane møttest først gjennom festivalen Tonehimmel i Volda, kor Kvernberg komponerte musikk til Bjørdal og ein medmusikar. I samarbeidet fann dei ut dei hadde mykje til felles i musikken, og dei gler seg til å halde sin første heile duokonsert saman i Rosekyrkja denne kvelden.

Alt frå Bolstads «Fagre Stryn» og springar etter Jens Synnes, til varietémusikk frå Bjørdals repertoar, og eksperimentelle komposisjonar frå Kvernberg blir å høyre denne kvelden. Med stor innleving og utstråling vil duoen formidle det tradisjonelle og det nyskapande, med historier attåt. 

Billettar: Vaksne kr 200, born kr 100, familie (foreldre og born under 16 år) kr 500
Billettar vert å få kjøp mellom kl. 18.00 og 19.00 ved Rosekyrkja – kontant eller Vipps.

Velkomne til Olsok i Rosekyrkja!

Arrangementet på Facebook