Kurs i søknadsskriving for eigarar av gamle hus

Publisert 09.09.2025

Kor og korleis søke støtte til restaurering av kulturminne?

Har du eit gamalt hus som treng omsorg? Er du usikker på kva du skal gjera, og er du nysgjerrig på kva støtteordningar som finst? Me har gleda av å invitere til informasjonskveld for huseigarar, handverkarar og andre med interesse for bygningsvern. Her kan du lære om kor og korleis du kan søke om støtte til restaurering, og få gode råd på vegen.

Program

16.30 - 17.00  Registrering og velkomst.

17.00 – 17.30  Støtteordningar frå Kulturminnefondet. Rådgivar Tone Langland. Digitalt.

17.30 – 18.00   SMIL – midlar v/Statsforvaktaren i Rogaland. Seniorrådgivar Nono Dimby.     

18.00 – 18.30 Støtteordningar frå Rogaland fylkeskommune. Rådgivar Øyvind Malmin.

18.30 – 19.00 Kaffipause og småprat

19.00 – 19.30   Andre tilskotsordningar. Kva kan Fortidsminneforeininga bidra med? Leiar Grete Holmboe.

19.15 –   19.45 Kva kan Ryfylke bygningsvernsenter bidra med? Avdelingsleiar Lise Johnsen.

 

 

 

 

 

Påmelding og spørsmål
Påmelding innan 18. september til ryfylke@fortidsminneforeningen.no
Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post eller tlf. 48001359.
Inga deltakaravgift.