Sonderingsmøte for eit Sunnhordland lokallag
Publisert 29.10.2025
                        Fortidsminneforeininga Hordaland ynskjer å invitere til eit sonderingsmøte for oppretting av eit lokallag i Sunnhordland.
                    
                
    Møtet blir 11.november klokka 18.00. Møtet vil bli halde digitalt.
Møtet har som mål å finne ut om det er interesse for å opprette eit lokallag, og diskutere kva eit lokallag i Sunnhordland kan vere. Korleis kan ein engasjere seg i kulturminne og kulturarv?
I Sunnhordland finnast det ein rekke spennande kulturminne- Fjelberg prestegard, foreiningas eigen Moster gamle kyrkje og sjøhusmiljø, for å nemne nokre eksempel. Er dette noko du tenkjer høyrest spennande ut? Bli med på møtet! Om du veit om nokon andre du tenkjer er interessert, inviter dei gjerne med på møtet.
Fortidsminneforeininga vil orientere om foreininga sitt arbeid og struktur, og om korleis ein kan gå fram for å organisere eit lokallag. Det vil bli delt erfaringar frå oppstarten av andre nye lokallag.
Om du eller noko du kjenner ynskjer å delta, trenger me tilbakemelding på therese.topstad@fortidsminneforeningen.no
Hjarteleg velkommen!