Sonderingsmøte lokallag i Hardanger
Publisert 09.11.2023
Møtet blir 28. november kl. 18:00-20:00 på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund. Det blir også mogleg å vere med digitalt.
Føremålet med møtet er å finne ut om det er interesse for å opprette eit lokallag, og diskutere kva eit lokallag i Hardanger kan vere. Korleis kan ein engasjere seg for kulturminne og kulturarv?
I Hardanger er det ein rekkje kulturminne – både mellomalderbygg, nyare industrimonument, fartøy, bruer, gamle vegar, naustmiljø og anna. Er du allereie medlem av Fortidsminneforeininga, eller har du ganske enkelt interesse for kulturarv? Vi inviterer alle med interesse til å stille på sonderingsmøtet.
Fortidsminneforeininga vil orientere om foreininga sitt arbeid og struktur, og om korleis vi kan gå fram for å organisere eit lokallag. Leiar av Voss lokallag fortel om skiping av Voss-laget i 2022 og prosjekta dei er engasjert i, til inspirasjon og som bidrag til idémyldring.
Vil du delta digitalt treng vi tilbakemelding på hordaland@fortidsminneforeningen.no. Vi set også pris på tilbakemelding om du kjem fysisk på møtet.
Hjarteleg velkommen!