Tingingsverket «Fagert i Finnesloftet»

Publisert 02.09.2020

Tingingsverket «Fagert i Finnesloftet» blir sett opp igjen, og kan opplevast tysdag 8.september klokka 19.00 i Evanger Kyrkje!

Komponist, vokalist og kontrabassist Signe Førre vart tildelt midlar frå Det norske komponistfond til å skrive eit tingingsverk til Finnesloftet i 2019. Musikken er ei reise gjennom ulike kulturar og tidsperiodar der ho tek oss med i hennar univers der folkemusikk og jazz vert smelta saman og får nytt liv gjennom hennar nyskrivne arrangement på musikk i frå ulike kulturar, der ho syng på alle orginalspråka! Dette innebærer serbisk, makedonsk, engelsk, norsk, bulgarsk m.m.

Konserten i Finnesloftet vart tidleg utseld og ein stor suksess! Saman med Jo Asgeir Lie på trekkspel, Kåre Opheim på trommer og perkusjon, er Signe Førre klar til å syna fram musikken på ny! Ho har videreutvikla verket og i tillegg til Jo Asgeir Lie og Kåre Opheim, vil Torbjørn Økland vera med på trompet og ulike strengeinstrument som bouzouki og gitarar!

Billettpris: kr 300. Billettar kan ein kjøpe i Voss Sparebank eller ved å ringe dei på telefon 56520300 for å kjøpe billettar. Det er eit begrensa antall billettar for sal, så det er lurt å vera tidleg ute! Dersom arrangementet skulle bli avlyst, vil alle bilettane bli refundert.

Signe Førre - kontrabass, vokal
Torbjørn Økland - trompet, bouzouki, gitarar
Jo Asgeir Lie - trekkspel
Kåre Opheim - trommer, perkusjon

Arrangør: Evanger og Bolstad sokneråd. Konserten er støtta av Voss Sparebank og Voss Herad

Vel møtt!