Tradisjonshåndverk, kunst og bygningsarv i Hornindal

Publisert 12.08.2022

Sunnmøre lokallag inviterer alle med interesse for kulturminnevern til Hornindal laurdag 20. august. Bygda er kjend for rike handverkstradisjonar og har ein interessant bygningsarv.

På det meste skal her ha vore om lag 220 aktive smier der ljåsmiing var ein viktig spesialitet. Bygda er også kjend for framifrå kultur for treskurd. Den fyrste arbeids- og snikkarskulen i landet, Holmøy Arbeidsskule, låg i gamle Hornindal kommune.

Sentrum av Grodås har framleis ei rekkje historiske bygningar som fortel om bygda som turiststad kring førre hundreårskifte. Kring 1900 var her tre hotell; Raftevolds Hotel, Hotel Grodaas og Hotel Navelsaker. Hovudvegen gjennom Grodås var del av turistruta Stryn – Hornindal – Norangsdalen – Øye, og vegen mellom Grodås og Hellesylt var del av den Trondhjemske Postveg.

Grunna middagsservering har vi påmelding med frist for førehandsregistrering onsdag 17. august.

Påmelding her

Program:

Kl. 12.00-13.00: Treskjerarmeister Rolf Taraldset syner arbeid og fortel om faget sitt i verkstaden sin i Seljesetvegen 101.

Kl. 13.15-14.00: Omsyning i Anders Svor-museet

Kl. 14.00-15.00: Middag i Huset Vårt. Orientering om Fortidsminneforeningen sitt arbeid og moglegheiter for støtte til vedlikehald.

Kl. 15.00-16.00: Bygningshistorisk vandring på Grodås i samarbeid med Hornindal historielag.

Programomtale:

I verkstaden til Rolf Taraldset i Seljesetvegen 101 vil vi både få sjå og høyre om faget av treskjerarmeisteren. Taraldset er utdanna ved Hjerleid Handverkskole på Dovre, men alt i ung alder møtte han faget gjennom faren som også var profesjonell treskjerar. Taraldset har mange års erfaring frå rekonstruksjonsarbeid for verneverdige kulturminne. Til dømes har han laga Ulvikportalen, ein replika av kyrkjeportalen til Ulvik stavkyrkje. Taraldset er også levande engasjert i å vidareføre interessa for treskjerarfaget gjennom kursverksemd og som leiar for prøvenemnda i Innlandet fylke.

Bilethoggaren Anders Svor (1864-1929) må ha vore prega av miljøet for handverk i Hornindal då han som ung gut med uvanlege evner i treskjering vart oppdaga av soknepresten og vegdirektør Krag på embetsreise i bygda. Svor var særleg kjend for å få fram sjel og personlegdom i fysiske portrett, og er representert både i Stortinget, Nasjonalmuseet og i ei rekkje byar. Anders Svor-museet rommar om lag 600 arbeid, og er eit unikt kunst- og personmuseum i bygde-Noreg og del av Musea på Sunnmøre, Viti.

Huset Vårt er eit staseleg tømmerhus i nyklassisk stil reist i 1937, og ligg like ved Anders Svor-museet. Bygningen har vore ein samlingsstad i bygda, og i bruk som aldersheim frå 1939-1981. Her vil vi få orientering om arbeidet til stiftinga bak drifta av huset, og servering av middag med dessert laga av Rolf Kobberstad. Vidare vil styret for Fortidsminneforeningen orientere om sitt arbeid og moglegheiter for støtte til vedlikehald av kulturminne.

I samarbeid med historielaget i Hornindal vil vi avslutte dagen med ei bygningshistorisk vandring på Grodås. Vi startar ved Huset Vårt og går langs hovudvegen i retning Hornindal kyrkje. I sentrum kan vi sjå ei rekkje historiske bygg frå tida bygda var eit knutepunkt for handel og turisme. Nokre bygg står i dag til forfall, og då kan det kanskje vere av interesse å få kjennskap til moglege støtteordningar til vedlikehald av bygningsarv i Noreg.