Vernekafé - Overflatebehandling
Publisert 30.01.2025
Eig du eit verneverdig bygg og vil ha rettleiing og rådgiving om vedlikehald? Eller berre interessert i gamle hus og bygningsvern?
Vernekafe er eit lågterskel- tilbod som rettar seg til eigarar av verneverdig bebyggelse og andre interesserte. På Vernekafe kan huseigarar få hjelp og rettleiing i sine verneprosjekt, og kvar Vernekafe presenterer også eit overordna tema knytt til bygningsvern i Ålesund.
Datoar for Vernekafe, våren 2025 med tema:
- Tysdag 4. februar, Vern i sentrum
- Tysdag 4. mars, Murbyen
- Tysdag 1. april, Trebyen
- Tysdag 6. mai, dør og vindu
- Tysdag 3. juni, overflatebehandling
Stad: Dråpe Ålesund Kaffehus, kl. 18:00- 20:00
Arrangementet er gratis og ope for alle!
På Vernekafe kan du møte fagpersonar som har kunnskap om tradisjonshandverk, historiske materiale og vernebestemmingar. Dei er:
Maria Stornes:
Maria er utdanna møbelsnikkar og jobbar i Dør og Vindusvern AS. Maria har god kunnskap om tradisjonelle vindauge og dører, og har jobba mykje i samråd med vernemyndigheiter i konkrete bygningsvernprosjekt.
Peder Alme:
Peder er sekretær i Fortidsminneforeininga Sunnmøre lokallag. Peder er også utdanna gipsmakar med eige firma, Ornamentfabrikken. Peder har god oversikt over den verneverdige murbebyggelsen i Ålesund sentrum.
Representant frå Ålesund kommune:
Det kjem ein representant frå plan og bygning i Ålesund kommune med god innsikt i lovgivingar og forskrifter.
Tips for best hjelp med ditt verneprosjekt:
Eig du eit verneverdig bygg og vil ha rettleiing og rådgiving om vedlikehald? Du kan melde inn saker i på e-post forkant av kvar Vernekafe. Send gjerne inn foto og informasjon om det du lurer på til: sunnmore.lokallag @ gmail.com