BORGUND STAVKYRKJE

Eit unikt døme på imponerande byggjekunst frå mellomalderen

Det godt bevarte mellomaldereksteriøret med sju takflater over kvarandre, svalgangar, drakehovud og rikt utskorne portalar gjer Borgund stavkyrkje til eit særmerkt landemerke langs turistvegen mot Lærdal. Den imponerande byggjekunsten frå mellomalderen og det moderne besøkssenteret gjev saman rik innsikt i den unike stavkyrkjearkitekturen og det religiøse livet i mellomalderen.
Vindhella 606, , BORGUND, 6888

Borgund, Sogn og Fjordane (Vestland) 

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1877.

Den best bevarte av alle stavkyrkjene. Borgund stavkyrkje ligg der ho alltid har lege, heilt sidan ho blei bygd rundt 1180. Med det godt bevarte mellomaldereksteriøret med tak over tak og drakehovud er Borgund stavkyrkje nærast prototypen på ei stavkyrkje. Mange meiner at Borgund er den best bevarte av dei norske stavkyrkjene, og kyrkja har vore brukt som modell for restaureringa av fleire andre stavkyrkjer. Stavkyrkja sin konstruksjon er basert på berande stavar og søyler. Viktige kjenneteikn er mellom anna den trinnvise oppbygginga med svalgangar, omgangar, heva midtrom, takryttaren på toppen av sjølve taket og den skjelliknande spontekkinga av tak og veggar. Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas. I dag er kyrkjerommet enkelt og umåla med ein preikestol frå midten av 1500-talet. Altertavla med eit måleri som viser krossfestinga, er datert 1654.

Stavbygd klokketårn. Sør for kyrkja står ein stopul der det brukte å henge ei klokke frå 1200-talet. Dette er det einaste frittståande stavbygde klokketårnet i Noreg, og er truleg frå mellomalderen.

Borgund besøkssenter. I 2005 blei det opna eit besøkssenter ved kyrkja som inneheld utstillingar og informasjon om dei norske stavkyrkjene og det religiøse livet i mellomalderen. Senteret blei teikna av Askim Lanto arkitekter, og det er ei oppleving i seg sjølv med ein samtidsarkitektur som er tilpassa staden. Her finn vi òg utstillinga «Unike Vikingtidsfunn» med funn frå den tidlege delen av vikingtida. Senteret har kafé og museumsbutikk.

Opplevingar i området: Området rundt Borgund stavkyrkje kan by på opplevingar av mange slag – den historiske Kongevegen, Borgund nye kyrkje (1886), gamle setrar og eit storslege landskap. Det er lagt opp til vandreopplevingar i vakre historiske omgjevnader med framlegg til ulike turar. Den mest kjende er rundturen Vindhellavegen/Sverrestigen langs den gamle Kongevegen.

Kjelder:

«Kirker i Norge». Anker, Leif, og Havran, Jiri. ARFO. 2005./ «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994.