GAUPNE GAMLE KYRKJE

Blomstrende interiørprakt i ei enkel, lafta kyrkje

Det fargesterke og rikt dekorerte interiøret i Gaupne gamle kyrkje står i kontrast til det enkle eksteriøret. Kyrkja blei bygd i 1647–1652, og avløyste ei stavkyrkje som stod i same området. Delar av stavkyrkja blei brukt opp att, og vestportalen med utskjeringar av ormar og drakar kan daterast til andre halvdelen av 1100-talet
Gardavegen , Luster, 6868

Luster, Sogn og Fjordane (Vestland)

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1909.

Lafta, kledd og dekorert. Staseleg og enkel ligg Gaupne gamle kyrkje på ei høgde over Gaupne, kommunesenteret i Luster kommune inst i Sognefjorden. Skipet, koret og våpenhuset er lafta og kledde utvendig med bord. Inne i kyrkja finn vi eit fargesterkt og rikt dekorert interiør. Tømmerveggane i skipet og koret er måla gule med raude blomsterranker og drueklasar med svarte konturar. Veggane i skipet blei dekorerte i 1658–60. Taka er òg dekorerte. Taket i skipet er gult, medan taket i koret er måla blått med kvite stjerner og måne. Preikestolen er frå 1626, medan altertavla er ei katekismetavle frå reformasjonstida med det dansk-norske unionsvåpenet og tekst på latin og dansk. Den gamle kyrkja med 130 sitjeplassar blei erstatta av ei ny kyrkje som stod ferdig i 1907.

Opplevingar i området: Gaupne game kyrkje blir i dag brukt til den tradisjonelle Olsok-feiringa og ved særlege høve. Luster kommune har status som nasjonalparkkommune og har tre nasjonalparker og rike moglegheiter for friluftsopplevingar. Her finn vi Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Den unike Urnes stavkyrkje, som står på UNESCO si verdsarvliste, ligg òg i Luster kommune. Urnes stavkyrkje er òg ein av eigedomane til Fortidsminneforeningen.Visitsognefjord.no