HESTAD KAPELL

Kapellet som går i eitt med vakker natur

Det vesle, brune trekapellet går mest i eitt med omgjevnadene der det ligg på eit skogkledd nes som stikk ut i Viksdalsvatnet i Sogn og Fjordane. Det blei bygd i 1805 for å erstatte ei stavkyrkje som hadde stått der sidan mellomalderen. Snikkararbeidet i kapellet er grovt, og det er brukt materialar av ulike slag. Inne i kapellet er det lite som er endra sidan 1805.
Viksdalsvegen 914, Sande i Sunnfjord , 6973

Sande i Sunnfjord, Sogn og Fjordane (Vestland) 

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1917.

Den nye lafta kyrkja på vakre Øyra. Neset i det vakre Viksdalsvatnet blir kalla Øyra, og segna fortel at det stod ei kyrkje her allereie på 1100-talet, men den første skriftlege kjelda som nemner kyrkja er ein paveleg rekneskap frå 1327. I 1805 blei stavkyrkja riven og erstatta av eit nytt kyrkjebygg. Koret og skipet er tømra, medan våpenhuset er stavbygd med ytterkledning. Grovgjort snikkararbeid og materialar som er brukte opp att gjev inntrykk av at kyrkja kan ha blitt oppført på dugnad av bygdefolket. Det er brukt stavar frå den gamle stavkyrkja i tårnet, og truleg kjem hjørnestolpane i våpenhuset òg frå den gamle kyrkja. Altertavla og preikestolen er måla i dei same fargane og er frå den tida då kyrkja blei bygd. Årstalet 1805 står i gavlfeltet på altertavla. Fortidsminneforeningen har eigd Hestad kapell sidan 1917, då foreininga overtok kyrkja utan vederlag frå dei 17 gardbrukarane som eigde henne.

Ein fager plass for store dagar. Kapellet er ope for publikum i juli. Den romantiske kyrkja er dessutan ei populær kyrkje å gifte seg i, og kan leigast til vigslar.

Opplevingar i området. I 1971 blei det oppretta eit eige landskapsvernområde rundt kapellet. Nasjonal turistveg Gaularfjellet og Gaularvassdraget med sine fossefall gjev moglegheiter for friluftsopplevingar og aktivitetar i vakker natur. Sunnfjord.no  

Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994.