Eikelandsosen, Hordaland (Vestland)
Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1900.
Ei vakker etterreformatorisk kyrkje. Kyrkja blei truleg bygd på 1720-talet, kort etter at ei stavkyrkje som tidlegare stod på staden, blei riven. Interiøret er dekorert med stor målarglede med blomsterranker, draperi og figurar framstilte i sterke fargar. Kyrkja har ei komplisert bygningshistorie og har delar frå ulike periodar. Koret er frå midten av 1800-talet, skipet er frå tidleg på 1700-talet, og tårnoppbygget er endå eldre. Preikestolen er frå 1570 og er dekorert med ulike utskjeringar av palmettar (stiliserte palmeblad i vifteform), kuler, diamantformer og karveskurdshjul. I koret heng ei katekismetavle frå 1590. Kyrkja var i privat eige fram til 1876. Då blei ho gjeven til kyrkjelyden, som seinare selde henne for riving til hotelleigar Hans Holdhus, som igjen selde kyrkja vidare til Fortidsminneforeningen.
Holdhusmadonnaa: Holdhusmadonnaa frå 1400-talet er Noregs einaste måla madonna i stein frå mellomalderen. Steinskulpturen av Maria og Jesusbarnet var til behandling hos NIKU i litt under eitt år og kom attende til Holdhus kyrkje 14. juni 2012. Sjølv om fargane har bleikna og maling har losna, var skulpturen nokså godt bevart. Då skulpturen kom til konserveringsatelieret, var store delar av den dekt av støv og mygl. Det hadde runne tjære nedover skulpturen. Tjæra stammar truleg frå stavkyrkjetida. Holdhusmadonnaa blei reinsa og laus måling konsolidert (limt på). Tjærerestar som det ikkje let seg gjere å fjerne, blei kamuflerte med ei vassbasert måling i same farge som den tilstøytande lokalfargen. Sjå digital rekonstruksjon frå NIKU (Norsk Institutt for kulturminneforskning)
Etter at Holdhusmadonnaa blei konservert hos NIKU, blei det laga ein digital rekonstruksjon med animasjon som viser fargane og mønsteret skulpturen opphavleg hadde. Sjå videoen her:
Opplevingar i området: Vakker natur i Hålandsdalen, ein rik kystkultur, tradisjonsrik båtbyggjartradisjon, Oseana kunst- og kultursenter, Ole Bull sin heim Lysøen. Os har mange tilbod og opplevingar, og i tillegg er vegen kort til Bergen med alle attraksjonane byen har å by på.
Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994.
Åpningstider
- Åpen 6.-7. juli og 13.-14. juli kl. 12-16 i 2024. Ellers åpen etter avtale. Se kontaktinformasjon.
Priser
- 2024: Voksen (over 18 år): 70,- Barn: gratis Grupper med min 10.pers: 60,- pr. pers. Minstepris totalt for omvisning, etter bestilling: 350,-
Besøk oss
Holdhus kyrkje, Fv123 2405640 Eikelandsosen
Kontakt oss
- Epost: hordaland@fortidsminneforeningen.no
- Tlf: +47 944 53 696