LYDVALOFTET

Eit loft med imponerande handverk

Lydvaloftet skil seg ut på grunn av det imponerande kunsthandverket, mellom anna dei utskorne dekorasjonane rundt hovuddøra i andre etasje. Her ligg dekoren utanpå tømmerstokkane som eit relieff. Loftet er stort og staseleg, og dette tyder på at det har tilhøyrt rikfolk og mektige bønder.
60,6241707 6,3848824
Lydvavegen 19, Voss, 5700

Voss, Hordaland (Vestland)

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1909.

Eit stort og staselig loft frå før svartedauden. Lydvaloftet er bygd før svartedauden i 1349, kanskje til og med før 1300. Loftet heitte opphavleg Oppigardsloftet og stod mellom andre gardshus i tunet på Lydvo. Dei måla dekorasjonane på den andre av dørene i andre etasje viser òg at dette har vore eit loft for storfolk. Loftet, som har lafteverk i begge etasjane, var eit heilt vanleg brukshus med matlager i første etasje og klede og gjestesenger på loftet i andre etasje. Andre etasje blei kalla loft, og dette har gjeve namn til bygget. Huset hadde òg ein tredje etasje som blei meir tilfeldig brukt. Rominndelinga er heilt etter tradisjonen, men det som gjer Lydvaloftet spesielt samanlikna med andre loft, er det imponerande og arbeidskrevjande handverket. Seinare påbygg og vedlikehald har gjort andre etasje enno meir staseleg.

Opplevingar i området. Fortidsminneforeningen eig òg Finnesloftet og Ullestadbua, begge på Voss. Voss har mange aktivitetar å by på, frå ekstremsportaktivitetar i fjell og vatn til museum, handel og Vossajazz. 

Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994.

Del av Nasjonaljubileet 2030

Lydvaloftet inngår i Fortidsminneforeningens satsing «Livsgrunnlag i 1000 år». I 2026 er loftet arena for jubileumsprosjektet Kirkested og folkeminne, knyttet til jubileumsstafettens tema «Slekt og samfunn».

Trykk her for å lese mer ⇢

Lydvaloftet er ein av Vossebygda sine skjulte kulturhistoriske skattar

 

Opphaveleg stod loftet i det gamle gardstunet på Lydvo, om lag 250 meter lenger opp langs vegen. På 1800-talet låg klyngetunet  for dei tre gardane på Lydvo her, men midt på 1890-talet vart klyngetunet delt opp, to av bøndene flytte husa sine og bygde sine eigne gardstun. Fortidsminneforeningen var interessert i å kjøpa loftet, og eigaren sette som eit vilkår for salet at loftet ikkje skulle flyttast vekk frå området til garden Lydvo. I 1909 vart salet gjennomført og i 1913 flytte Fortidsminneforeningen loftet hit det no står, med trygg avstand til andre bygningar for å redusera faren for brann.

Lydvaloftet vart truleg bygd på 1300-talet, men deler av det kan opphaveleg vore nytta i andre bygningar som er endå eldre. Loftet tek oss med 700 år tilbake i tid, då ein storbonde på Lydvo ynskte å byggja eit loft som som vitna om samtida sin imponerande kunsthandverkskompetanse, med trekk frå europeiske kulturuttrykk.

Lydvaloftet er på mange vis eit typisk gardsloft på Voss. Kvar av dei to høgdene består av eit lafta, nesten kvadratisk rom, med svalgang langs dei to sidene og baksida. Ytterveggane har sidan 1800-talet vore bordkledde, og det opphavlege tømmeret frå mellomalderen er ikkje er synleg frå utsida. Då bygningen var i bruk på garden, var det her dei oppbevarte det livsviktige kornet, brødet og dei andre matvarene som familien skulle leva av gjennom vinteren. I kjellarrommet under sjølve bygningen, var det saueflor. På loftsrommet vart klede, teppe og verdisaker oppbevart. Her var det også sengeplass for ungdommar og tenestefolk i sommarhalvåret.

Det som gjer Lydvaloftet unikt både lokalt og nasjonalt, er den vakre utsmykninga i andre høgda. Portalen inn til loftsrommet har ein heilt særskilt prydnad. Der dei liggande veggstokkane møter dei ståande dørstolpane – beitskiene – er stokkane hogde til så dei skrånar inn mot døra, og herifrå strekkjer utskjeringar seg langs stokkane. Utskjeringane er organisk utforma, og endrar seg suksessivt i høgda. I det svake ljoset i loftgangen, ser dei utskorne rankane ut til å liggja nesten utanpå stokkane, og ein kan ta seg i å få lyst til å lyfta dei opp og kjenna på dei. Dei er forma i ståande relieff, alt treverket rundt er hogge vekk, og berre figuren står att. Slik bruk av ståande relieff i veggtømmer er ikkje kjend frå andre bygg i Noreg. Det må ha vore høgt spesialiserte handverkarar som har gjort dette arbeidet.

Ved sida av portalen er det restar av dekormåling som er sterkt medteken og ikkje lett å sjå, men på dei eldste oppteikningane frå 1800-talet, skimtar ein ein mann og ei kvinne som rekkjer kvarandre noko som kan sjå ut som ein krans. Paret er ikkje kledde som bønder, men har fornem, kontinental klesdrakt. 

Loftet har tydlegevis vore eit påkosta bygg, kven kan denne storbonden på Lydvo ha vore?

Byggherren må ha vore ein velståande storbonde med høg status i bygda, og som kjende til den høviske europeiske kulturen. Utsmykninga av dørportalen vart nok ikkje tenkt som dekorasjon rundt inngangen til eit oppbevaringsrom; loftsrommet har sannsynlegvis vore nytta til gjester, eller eit samlingsrom der ein drøfta viktige saker som kjøp og sal av jordeigedomar, domsavgjerder og politikk. Her vart det, etter det ein kjenner frå skriftlege kjelder, forfatta dokument og brev på pergament, og vitne sette seglmerka sine under.

Sidan sjølve bygget framleis ikkje kan tidfestast nærare enn til ein gong rundt 1300 med fleire tiårs slingringsmonn, veit ein ikkje skikkert kven byggherren var.  To namn er aktuelle: I 1330 sette Arnbjørn på Lydvo seglet sitt under eit dokument som vart utferda på Voss. Namnet, og at han hadde status nok i bygda til å bli brukt som vitne ved ein eigedomstransaksjon, er det einaste me veit om han. Rundt 1300 vert Pål på Lydvo nemnt i eit dokument. Han veit me endå mindre om. Dei vert ikkje meir enn namn for oss.

I 2020 vart det oppdaga runeinnskrifter i andre høgda. Fleire stader i rommet har nokon på 1300-talet rissa runer, korte beskjedar i veggstokkane. Dei er ikkje enkle å få auge på. Over 150 år tok det frå fagfolk tok til å granska bygningen i detalj, til nokon ved nærare gransking av veggstokkane fekk auge på innskriftene. Runene gjev oss tre nye namn: Torgrim, Bjørn og Arnfinn.

Ei innskrift kan lesast: «Torgrim eig meg.» Slike formuleringar var vanlege som merkelappar på gjenstandar og varer. Mindre vanleg er dei å sjå rissa i ein loftvegg.  Det kan bety at Torgrim på eit tidspunkt eigde huset, men det veit me ikkje. I mellomalderbreva som er bevart frå Vossebygdene, finn me ikkje namnetTorgrim, så han vert heller ikkje meir enn eit namn.

Ei anna innskrift kan lesast: «Eg signar meg, Bjørn.» Den tredje innskrifta manglar dei første runene, men det som står att kan lesast som «...vekkje deg or søvn, Arnfinn Sporve.» Desse innskriftene kan tolkast på mange vis, og er eigna til å setja fantasien i sving. Bjørn var eit vanleg namn i samtida, det samme var Arnfinn. Sporve må vera eit tilnamn.

Interessant er det ein Arnfinn som er knytt til Lydvo på 1300-talet. Langfredag i 1375 kom, ifylge skriftlege kjelder, Arnfinn Halldorsson saman med ombodsmannen til kong Håkon 6. på Voss, Eilif Sigurdsson, og ein skrivar, til Lydvo. Her vart det diktert eit vitnebrev. Då skrivaren var ferdig med arbeidet sitt, festa Arnfinn og Eilif seglmerka sine under. Brevet ligg i dag på riksarkivet i Oslo. Denne Arnfinn Halldorsson var ein framståande mann i bygda, og mykje brukt som vitne og domsmann, men ingen stader går det fram kor han budde. Men det var på Lydvo at han fekk skrive brevet. Kanskje skjedde det inne i loftet? Seglmerket han festa under brevet, viser ei fransk lilje. Det er det samme seglmerket som Arnbjørn nytta, bonden me veit eigde Lydvo i 1330.  Arnfinn Halldorsson er nemnt som ein av dei fremste mennene i bygda frå 1348 til 1387. Var det han som vart kalla Arnfinn Sporve? Rissa nokon inn ei melding til han med loftsveggen?

Lydvo var ein storgard gjennom heile mellomalderen. Den første skattelista frå Voss er frå 1521, og no skil Ingrid Ormsdotter på Lydvo seg ut som ei velhavande kvinne som eigde fleire gardar på Voss. På 1600-talet budde ei tid kapellanane på Voss på Lydvo. Plasseringa var sentral i bygda og inntektene frå garden var gode.

Lydvaloftet er eitt av fleire mellomalderloft som står att på Voss. Best kjent er Finnesloftet  som ligg om lag 700 meter i austleg retning, og loftet på Ringheim som også ligg langs den same austgåande «ruta» gjennom eldgammalt kulturlandskap.

Tekst: Øystein Hellesøe Brekke

Litteratur:

  • Arne Berg, Lydvaloftet på Voss i skiftande utforming, Fortidsminner XXXIX, Oslo, 1955
  • Arne Berg, Norske tømmerhus frå mellomalderen bd. I og V, Oslo, 1989 og 1995
  • Per Gjærder, Norske pryd-dører fra middelalderen, Bergen, 1952
  • J. Huitfeldt-Kaas, Norske sigiller fra middelalderen, Kristiania, 1899
  • Nicolaysen, Kunst og haandverk fra Norges fortid, Kristiania, 1881-1891
  • Jo Rune Ugulen, «...alle the knaber ther inde och sædescwenne...» Ei undersøking i den sosiale samansetjinga av den jordeigande eliten på Vestlandet i mellomalderen, Bergen, 2006
  • Kristel Zilmer, «Thorgrim owns me»: Runic Graffiti of Lydvaloftet, a Medieval Farmhouse at Voss, Norway, artikkel i under utgiving
  • Diplomatarium Norvegicum / nynorsk omsetjing av dei fleste i Andreas Leiro, Mellomalderbrev frå vossabygdene», Voss, 1964