ULLESTADBUA

Matbua frå kapellangarden som blei flytta to gonger

Bua stod opphavleg på den gamle kapellangarden i Ullestad på Voss. Truleg blei bua bygd 1740, og ho blei brukt til å lagre kjøtmat og mjølkeprodukt. Bua kom på flyttefot og blei Fortidsminneforeningen sin eigedom i 1906, då kapellangarden måtte gje frå seg grunn til jernbanen.
Lydvavegen 19, Voss, 5400

Voss, Hordaland (Vestland)

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1906.

Den minste bygningen som Fortidsminneforeningen eig. Den vesle bua med eitt rom stod opphavleg på den gamle kapellangarden i Ullestad på Voss. Ho blei brukt til å lagre kjøtmat og mjølkeprodukt, og blei truleg bygd saman med eit eldhus som har hatt same møneretningen som bua. Gardane Øvre og Nedre Ullestad låg rett ovanfor staden der jernbanestasjonen på Voss ligg i dag. Kapellangarden blei flytta ned på flata ved Vangsvatnet og måtte seinare gje plass til jernbanen. Fortidsminneforeningen fekk bua i gåve i 1906, og rundt 1913 kom ho endå ein gong på flyttefot og blei flytta til Gullfjordungen, ved sida av Lydvaloftet, der ho framleis står. Bygningen er berre open for publikum i samband med spesielle arrangement.

Opplevingar i området: Fortidsminneforeningen eig òg Finnesloftet og Lydvaloftet, begge på Voss. Voss har mange aktivitetar å by på, frå ekstremsportaktivitetar i fjell og vatn til museum, handel og Vossajazz. Visitvoss.no

Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994.