Nasjonalt formidlingsstipend til Bianca Wessel for arbeidet med Lys i Gamle Hus
Publisert 08.05.2024
Publisert 08.05.2024
Det var under eit foredrag Bianca Wessel holdt i Kulturminnefondet sine lokalar på Røros at styreleiar Hanne Jakhelln overrakk stipendet på 50 000 kroner.
– Gjennom prosjektet «Lys i gamle hus» vert det umoglege mogleg, begrunner Jakhelln.
Inspirerer og engasjerer
Årets stipend vert lyst ut med 1. mars som frist for å nominere kandidatar. Det kom inn 96 nominasjonar frå heile landet. Det er nesten dobbelt så mange nominasjonar som i fjor.
Den som mottek stipendet må kunne begeistre ulike målgrupper og vise korleis det er mulig å redde kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut. Stipendet skal brukas til reise og foredragsverksemd, kvar det formidlas om praktisk kulturminnevern og eigne erfaringar.
– Eg tykkjer Bianca har synt oss korleis dette kan gjerast her i dag. I tillegg engasjerer ho og inspirerer andre utan å skape konfliktar. Det har vore spesielt viktig for styret å få fram at positive krefter har stor gjennomslagskraft, seier Jahkelln. – Bianca viser oss at arbeidet med prosjektet nyttar, og er med på å skape verdier, meiner styret i Kulturminnefondet.
– Dette var ei gledeleg overrasking, seier Bianca. –Stipendet gjev klart ein motivasjon til å fortsette å begeistre og inspirere andre.
Bianca har erfaring fra kommunikasjon og prosjektledelse, og har sidan 2021 vore prosjektleder for pilotprosjektet. Ho er engasjert som frivillig i Fortidsminneforeininga, og er styremedlem i Trysil og Engerdal lokallag. Ho er også styreleiar for Hedmarks fylkesavdeling.
Fortidsminneforeininga gratulerer vår gode og dyktige kollega med stipendet og anerkjennelsen.