Kreativ nytolking av handelsstad frå 1905

Publisert 27.06.2023

Frå nedfalls til heilårsbustad

Med solid handverk og ein leiken tilnærming har Gro Lavold og Brynjulf Hovland gjenskapt handelsstaden Solstrand på Høie i Tysvær i Rogaland.

Tekst:  Ellen Tveit, leiar for Fortidsminneforeininga Haugalandet lokallag. Foto: Irene Jacobsen. Reportasjen vart først publisert i Fortidsvern nr. 2-2023

Då paret kjøpte den gamle handelsstaden i 2012 sto bygningane til nedfalls etter å ha vore fråflytta sidan 1967. Sjølv budde dei i eit hus Brynjulf hadde restaurert i gamle Stavanger. Dei to møttest i vaksen alder i samband med restaureringa av St. Petri kirke i Stavanger, som begge var involvert i. Gro som arkitekt, Brynjulf som ingeniør med særleg kompetanse på VVS-teknikk i gamle bygg. Privat er han ein tusenkunstnar med fleire restaureringsprosjekt bak seg, medan ho har vore aktiv i Fortidsminneforeningen i mange år.

Solstrand er blant dei nyare handelsstadene og blei bygd opp frå 1905. Solstrand-namnet kom samstundes med bygningane og har gitt namn til ei heil slekt. Då dei noverande eigarane kom dit besto anlegget av hovudhuset med butikklokale, lager og bustad; eit sjøhus, ei falleferdig løe, uthus og ein flott jordkjellar. Eigedomen var overgrodd med tre og bringebærkratt. Då dei tok til å rydda kom det fram ein innemura frukthage og fint oppmura vegar og veiter i det bratte terrenget. I dag er alle bygningane utanom uthuset restaurerte eller gjenoppbygde, og det har kome til eigenbygd drivhus, hønsehus og maskinhus.

Nye løysingar med respekt for det gamle

Første bygning som blei sett i stand var jordkjellaren – den trong berre ny dør. Så sto hovudhuset for tur, og det var eit langt meir omfattande prosjekt. Hadde ikkje dei to eldsjelene teke tak i det for ti år sidan hadde det truleg vore samanrast i dag. Veggen mot sjøen var slått inn av ein storm i 1980.

Bygget er eit sjøhus i tre etasjar med vindehus, bygd inntil fjellveggen på to sider. Fukt frå berget gjorde at deler av huset var så ròte at det kunne plukkast ned med hendene. Butikklokalet var intakt med original kjøpmannsdisk og perlestaffpanel på veggene, men treverket smuldra vekk mellom fingrane på dei då arbeidet starta. Veggen inn mot berget torde dei ikkje kle på nytt av frykt for at dei ikkje skulle ha fått full kontroll på fukten. Den eksponerte steinveggen er heilt i tråd med trendane i vår tid, men noko ein aldri ville hatt i den tida då huset blei bygd.

- Me spelar litt rundt temaet bevaring og gjer ei tillemping til det som passar for oss og vår bruk av bygningane. Det går an å ta inn nytt og gjera ting på andre måtar, men det skal ikkje skurre – det er eit ord eg brukar mykje, seier Gro.

Den haldninga ligg til grunn for alt arbeidet som er gjort på Solstrand. Bygningane er fulle av kreative løysingar, frisk fargebruk og overraskande detaljar, langt ut over det som fell inn under ei klassisk restaurering. Men alt er gjort på huset sine premissar og med sikker kunnskap om lokal byggjeskikk og antikvarisk restaurering i botnen. Det nye som har kome til er for det meste kjøpt brukt eller sjølvlaga – eller gjerne begge deler. Mellom anna fekk dei redda ein del vindauge og dører i teak frå ein skule som skulle rivast i Suldal. Dei har delvis blitt brukt opp att slik dei var, og delvis blitt til nye bygningsdelar. Fargane som er brukt er funne i bygget, men brukt på andre måtar.

Sjølv om dei har gjort mykje sjølv hadde dei hjelp av kompetente handverkarar til det tyngste arbeidet i starten. Byggmeistrane Kåre Odland og Sivert Lervik jekka opp huset og forsterka konstruksjonen, la om skifertaket, bytta kledninga og sette i stand vindehuset. Byggmeister Didrik Hereid, som òg var leiar i lokallaget av Fortidsminneforeininga, var ansvarleg for arbeidet med sjøhuset. Men han døydde i 2018 medan prosjektet var under arbeid.

Etter nokre år blei det for mykje med stort hus i Stavanger og eit prosjekt som kravde mykje av både tid og pengar i Tysvær. Løysinga blei å selja huset for å bli kvitt gjeld, og flytta i båt. Der budde dei i 4,5 år medan helgene blei brukt på Solstrand. Så kom koronaen med nedstenging og hytteskam. Det blei krevjande å vera i båten 24 timar i døgnet. Dermed blei det flytting til Tysvær. Dei fekk telefon frå kommunen, som lurte på om dei meinte alvor. Det gjorde dei. Nå har dei ikkje andre planar enn å bli verande.

Vindtetting framfor isolasjon

Eitt av dei mange vala som er gjort undervegs i arbeidet med å skapa ein bustad av det gamle handelshuset, er å prioritera vindtetting framfor høg isolasjonsgrad. Veggene er berre delvis isolerte fordi dei ikkje ønska å fora dei ut. På grunn av faren for at sjøen kan komma opp i konstruksjonen ved stormflo kunne dei heller ikkje bruka vanleg isolasjon. I veggene er det brukt lin - eit godt materiale, men eit mareritt å leggja ifølgje Gro Lavold. Trefiberisolasjon torde dei ikkje bruka i det fuktige miljøet ved sjøen. Golvet er lagt som skipsgolv og skal tola at vatnet kjem inn, men dei har ikkje hatt flaum i løpet av dei ti åra som har gått sidan arbeidet starta.

- Me har eit veddemål gåande på om det kjem til å skje i vår tid. Eg trur det, men Brynjulf trur det ikkje. Det er uansett ikkje krise, me har luker som kan opnast slik at vatnet ikkje hevar huset. Me har fått høyra at dei av og til måtte bruka støvlar inne i butikken då den var i drift, så det har skjedd, fortel Gro.

Der dei gamle vindauga kunne brukast er dei restaurerte. Mot sjøen fekk dei løyve til å setja inn to nye vindauge, og glasdører i opningane der det opphavleg var tradisjonelle sjøhusdører. Dei nye vindauga er laga som nøyaktige kopiar av dei gamle, men med innvendig kopling, av Jørg Styve på Evanger. På vestveggen, som også vender ut mot sjøen, er det sett inn heilt nye vindauge. Her er det brukt isolerglas, men med mindre luft mellom laga enn det som er vanleg i moderne vindauge. Det isolerer litt mindre, men nok i eit mildt vestlandsklima. Alle vindauge har munnblåste Lamberts glas.

- Moderne glas skurrar, seier Gro. Folk tenkjer ikkje over det, men ein merkar det likevel. Det blir eit heilt anna uttrykk.

Brukt på nye måtar

Rominndelinga er i hovudsak bevart som den var, men romma er tekne i bruk på nye måtar og har ikkje nødvendigvis ein tydeleg definert funksjon. Det gamle butikklokalet har blitt til kjøken med kopiar av den opphavlege kjøpmannsdisken langs veggane og ein gammal kjøpmannsdisk med glasplate midt på golvet. Innanfor kjøkenet er det eit grovkjøken. Då dei kom dit var dette eit ikkje-rom som låg heilt inntil fjellveggen. Her var det eit tilbygg med saltak, der takforma fekk vatnet til å renna inn mot hovudhuset. Veggen var blitt til mold, og heile tilbygget blei erstatta med eit nybygg med pulttak, utvendig kledd med skifer. Inne måtte mykje fjell meislast vekk for at det skulle bli mogleg å ta rommet i bruk.

Flytting av pipa blei løysinga for romsituasjonen både oppe og nede. Lagerlokalet mot sjøen har blitt spisestove med synleg stolpekonstruksjon og ein spektakulær trapp som knyter rommet saman med stova i andre etasje. Dei nedste trinna er erstatta av store kubbar frå tre som er hogd på eigedomen.

- Det var ikkje innvendig trapp i huset då me overtok, men har nok vore ein bratt leider ein gong, trur Gro. Trappa kallar ho ein gimmick. – Den er ikkje heilt seriøs og etter forskriftene, ler ho. Heller enn å fjerna stolpane som står midt i rommet har dei lagt til ein ekstra, kjøpt på Finn.no, for å styrka konstruksjonen. Av same årsak er det òg sett inn ekstra rotkne på tvers av dei opphavlege.

I andre etasje har den gamle bestestova inst i huset blitt TV-stove. Her er det tunge gardiner som isolerer på kalde vinterdagar. Truleg levde familien som bygde huset i dei to små romma som ligg mot sjøen, medan bestestova sjeldan var i bruk. I dag fungerer dei som kontor og opphaldsrom. Det gamle kjøkenet har blitt til bad, og i tilbygget over grovkjøkenet, der det tidlegare var eldhus, blei det plass til ei eiga velværeavdeling med teakvindauge i taket, fargerike meksikanske fliser og eit handlaga indonesisk dragebadekar.

På loftet er det nesten ikkje gjort noko etter at dei overtok. Her er det fleire små kammers og eit stort rom med vinde. Dette var truleg opphavleg nytta som lager. I dag er det soverom – litt kaldt om vinteren, sidan taket berre er delvis isolert. Over vinda er det ikkje plass til isolasjon og innvendig kledning, så her er sutaket synleg. Naturleg ventilasjon, kallar eigarane det. I golvet er det hol til vindetauet. Då det viste seg at senga ikkje gjekk opp den bratte trappa blei løysinga å ta den gamle heisemekanismen i bruk. Ein gjest fortalde at mor hennar tente på Solstrand i ungdomen. Oppe på loftet viser målinga på veggen spor etter eit bittelite kammers og ei seng – kanskje var det her ho sov?

Det usynlege arbeidet

Det er lett å bli imponert av det store arbeidet som er lagt ned i restaurering, gjenoppbygging og vidareutvikling av bygningar og landskap. Men ein stor del av arbeidet som er gjort er usynleg. Det er opparbeidd køyreveg, gravd grøfter til drenering, septik og pumpekum, og lagt ned røyr og kablar både på eigedomen og ut i fjorden. Nå er uteområdet i ferd med å falla på plass og den moderne infrastrukturen ligg skjult under bakken. Ein minigravar har vore til uvurderleg hjelp. Det har òg den unge handverkaren Emil frå Danmark, som kom då han vart «koronafast» i landet. Han blei tend på gamal, norsk byggeskikk, har no flytta til Voss og arbeider hos ein byggmeister som reiser hus i laft.

Kaien er reparert, trapper og gangvegar er bygd opp att og frukthagen rydda fram. Noko var der frå før, resten er «gjendikta» slik det kan ha vore og tilpassa dagens bruk. Løa sto ikkje til å redda og er med kommunen si velsigning tatt ned og sett opp att som anneks og lager. Den anonyme arkitekturen som dei gamle driftsbygningane representerer er vidareført, men tilpassa ny bruk. Dette er Brynjulf sitt prosjekt. Bygget er sett opp i ein rammekonstruksjon utan bruk av spiker, skruar eller boltar. Alt er felt saman med tapper og trelåsar. For å få det til måtte han skaffa spesialverktøy frå utlandet. Dei lengste bjelkane er skøytte med ei avansert utgåve av fransk lås. Kvar av dei blei sleppte nedpå fire søyler med nøye tilpassa tappar, og låste heile konstruksjonen. Løa har blitt eit musikkrom der dei kan dra på «hyttetur» med ei flaske vin.

Også sjøhuset måtte takast ned og gjenreisast. Det blir brukt som både snikkarverkstad og festlokale, og her sit Gro og Brynjulf om kveldane og diskuterer seg fram til nye løysingar. Den kreative løysinga med trapp som ikkje går heilt ned til golvet går att her òg. Han går frå arbeidsbenken og opp til ein hems med oppbevaringsplass og eit «hemmeleg rom» for barnebarna med spel og bøker.

Blir sett pris på av kommunen

Trass i at dei ikkje hadde tilknyting til staden frå før kjenner dei seg godt mottekne i lokalmiljøet. Kommunen har heile tida vore ein god støttespelar. Handelsstaden er nemnt i kulturminneplanen for Tysvær kommune men ikkje verna, truleg på grunn av tilstanden bygga var i då dei overtok eigedomen.

- Dei har kanskje berre vore glade for at nokon gadd å ta vare på dei gamle bygningane. Dei har vore veldig hjelpsame, me har berre gode erfaringar med kommunen.

Det synlege beviset på at kommunen set pris på det dei har gjort, heng ved inngangsdøra. For restaureringa av hovudhuset fekk dei kommunen sin kulturminnepris i 2015, og i år blei dei heidra med byggjeskikkprisen for arbeidet som er gjort med heile anlegget.