Heidra for 12 års innsats for Borgund stavkyrkje

Publisert 07.12.2022

I 12 år har ho hatt ansvaret for drifta av ein av Noregs største kulturskattar. Saman med guidane har ho teke imot ein straum av gjester frå inn- og utland, ho har vore aktiv i utviklinga av eit berekraftig besøkstilbod og sett stavkyrkja og lokalsamfunnet som ein heilskap. Takk for ein stor innsats!

Tekst: Trond Rødsmoen

– Kjære Tanna, som dagleg leiar har du jobba for og forvalta eit av dei store ikona i norsk arkitektur og norsk kunsthistorie. Det du har utretta desse åra er så mykje meir enn «berre å ha gjort ein jobb». Det inneber også at eg har med ei lita sak her, seier Ola H. Fjeldheim og hentar fram eit eksemplar av Fortidsminneforeininga si heidersnål.

Vi er samla i Salen i Magistratgården, Fortidsminneforeininga sitt hovudkontor i Kvadraturen i Oslo. På bordet står fat med snittar, og høvet er avskjedslunsj med ein god kollega gjennom dei siste 12 åra. Og altså ei lita overrasking i form av skinnande heider på brystet.

Alltid på jakt etter forbetringar

Grundig, serviceinnstilt, svært profesjonell og alltid på jakt etter forbetringar i drifta av stavkyrkja og besøksopplevinga, det er moment Ola trekkjer fram i skildringa av Tanna si innsats for foreininga si best besøkte attraksjon. I tillegg ein person med ei evne til å sjå både gjester og tilsette, ei utøving av omsorg som har skapt ei utprega lagkjensle.

– Du har eit blikk for dette som handlar om meir enn å formidla stavkyrkja. Du var tidleg ute med å tenkja berekraft og miljøsertifisering. Du laga film om samspelet mellom kyrkja og lokalsamfunnet, å bruka lokale varer og tenester er berekraft i praksis. Når eg held foredrag om kva ringverknader kulturminne har lokalt, er det veldig ofte Borgund eg trekkar fram. Det er fordi du har vore så flink til å dra med deg heile lokalsamfunnet, avsluttar Ola.

– Jobben har vore fantastisk

– Å vera ein hollendar som hadde ansvaret for Burgund stavkyrkje, det er noko eg er stolt av, jobben har vore fantastisk, seier Tanna Gjeraker. – Samtidig er det også ansvaret for denne 900 år gamle kulturskatten eg no er glad eg ikkje lenger har. Takk for godt samarbeid med dykk alle, og ikkje minst med alle dei sesongtilsette lokalt og frå ulike stader i verda, dei er den største ressursen i stavkyrkja. 

No nyt Tanna pensjonisttilværet, men har slett ikkje tenkt å gi seg heilt. I sommar har ho vore guide både i Kaupanger stavkyrkje og Urnes stavkyrkje.

– Det vil eg gjerne halda fram med, eg er veldig glad i å prata om stavkyrkjene.

Grunngivinga for å tildela Tanna Gjeraker Fortidsminneforeningens heidersnål:

«Tanna Zijp Gjeraker ble ansatt som daglig leder ved Borgund stavkirke og besøkssenter 1. januar 2009. Daglig leder har overordnet driftsansvar og må påse at den lokale virksomheten på Borgund holder seg innenfor rammer som er gitt i lovverk og i tråd med Fortidsminneforeningens strategier.

Som daglig leder har Tanna Gjeraker økonomisk ansvar for driften på Borgund. Hun regulerer bemanning, utvalg i kafeen og utgifter i forhold til besøkstall og muligheter for inntekter på en trygg måte. Med stadig stigende besøkstall var det over 55.000 besøkende på Borgund i 2019. Overskuddet på Borgund har blitt brukt på tiltak ved foreningens andre eiendommer.

Tanna Gjeraker er profesjonell, strukturert, imøtekommende, positiv og vennlig i møte med reiselivsoperatører, besøkende fra inn- og utland, forskere, guider, kolleger og andre samarbeidspartnere.

(Teksten fortsetter under bildet)

Hun er en effektiv, tydelig og omsorgsfull leder, som har klart fokus på kvalitet og bærekraft. Hun er et foregangseksempel når det gjelder helse, miljø og sikkerhet samt gode rutiner. Som daglig leder har hun personalansvar for guidene og vaktmester på Borgund. Hun gir ansatte grundig opplæring, god oppfølging og tydelig ansvar, noe som bidrar til et godt og kreativt arbeidsmiljø for ansatte fra bygda og utlandet slik at flere kommer igjen flere år på rad. Det har vært to besøkssesonger på Borgund med smitteverntiltak på grunn av koronavirus, og det var ingen smitte blant besøkende, ansatte eller frivillige.

Tanna Gjeraker skal ha æren for at Borgund stavkirke og besøkssenter ble sertifisert som miljøfyrtårn for flere år siden. Det krever årlig rapportering og resertifisering hvert tredje år.

Siden høsten 2011 har 20 % av stillingen vært knyttet til utvikling og markedsføring av turistdriften ved Fortidsminneforeningens eiendommer. Tidligere deltok hun på messer og Norwegian Travel Workshop (NTW). Senest i 2021 har Tanna deltatt i utvikling av Fortidsminneforeningens strategi for bærekraftig besøk, som ble vedtatt i mars 2021.

Tanna Gjeraker har også vært styremedlem i Stavkyrkjeeigarforum i en periode.

Tanna Gjeraker har fylt 65 år, og har levert sin oppsigelse i september 2021 for å være mer sammen med familie i Norge og Nederland. 

Vi anbefaler at Tanna Gjeraker blir tildelt Fortidsminneforeningens hedersnål.»

Møt Tanna Gjeraker i filmen Borgund Stavkyrkje - ein berekraftig attraksjon: