Urnes verdsarvsenter løfta inn i regjeringa

Publisert 08.09.2021

Statsråd Abid Raja må svare innan valdagen

Senterpartiet utforder regjeringa i saka om Urnes verdsarvsenter: «Vil statsråden ta initiativ til å sikre den naudsynte statlege støtta for å realisere desse planane?»

Tysdag 7. september denne veka vart bygginga av det planlagte verdsarvsenter på Urnes eit tema på Stortinget. Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (SP) har skrifteleg gjett statsråd Abid Raja (V) dette spørsmålet: «Er statsråden samd i at det er viktig å realisere bygginga av det planlagte verdensarvsenter på Urnes slik at det kan opne som planlagd i 2024? Vil statsråden ta initiativ til å sikre den naudsynte statlege støtta for å realisere desse planane?»

Må svare innen valdagen
Statsråd Abid Raja har seks dagar på å svare, men ennå har han ikkje gjort det ( 8.sep.) I ei ny regjering med Senterpartiet som mogleg deltakar, kan ein tenkje seg at Liv Signe Navarsete vil halde denne saken varm. Regjeringa vi har no, har så langt ikkje gjett signal om at eit verdensarvsenter ved Urnes stavkyrkje er viktig.

Grunngjevinga for spørsmålet til Liv Signe Navarsete er dette:
Urnes stavkyrkje frå 1130 vart skriven inn på Unescos si verdsarvliste i 1979 som Noregs fyrste bidrag. Urnes verdsarvsenter vart autorisert av Miljødirektoratet i 2019, og planen er å ferdigstille bygget i 2024. I tråd med Meld. St. 16 (2019-2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken skal etableringa av verdsarvsenter ved dei åtte verdsarvsentra verte særleg prioritert.

Fortidsminneforeninga som eigar har fylgt opp autorisasjonen med eit ferdig formidlingskonsept, regulering og arkitektkonkurranse. Det vart ikkje løyvd pengar til arkitektkonkurranse over statsbudsjettet for 2021, og Luster kommune løyvde 700 000 kroner, medan ein privat gjevar donerte 600 000 slik at arbeidet kunne fortsette. Bygging er neste steg, men utan statleg støtte vil planane bli stansa og opning bli utsett på ubestemt tid. Kommunen og private har levert sin del, men det nødvendige statlege bidraget manglar.

Prosjektet er svært viktig for lokalt reiseliv og næringsliv. Med 20 000 solte billettar og 40 000 besøkande til Ornes årleg er behovet og potensialet for utvikling stort. Ein berekraftig turisme og vern av kyrkja forutset at straumen av besøkande vert møtt av eit moderne museum og besøkssenter, i dag manglar Urnes dette. Urnes skal verte utvikla til ein ressurs for lokalmiljøet gjennom samarbeid med lokalbefolkning og lokalt næringsliv.

SLIK ER PLANANE FOR URNES VERDSARVSENTER

LES OGSÅ: STATEN FORSINKER URNES VERDENSARVSENTER