Arverett og erstatning som følgje av Svartedauden på Voss
Publisert 30.01.2024
Voss hausten 1349: Svartedauden herjar og legg gard og grend aude. På Finne døyr jordeigar Eirik Erlendsson og alle i hans næraste familie. Kven skal no styra eigedomane på Voss og i Hardanger? Ingebjørg Simonsdotter, åleinemor til vesle Elin, reiser sak i 1350 og krev arveretten til Finnesgodset på vegne av den nyfødde dottera si.
I medhald av Landslova av 1274 hadde Ingebjørg rett til å setja fram krav og rett til sjølv å føra sak på dottera sine vegne. Ho nytta si tids moderne lovverk og vann fram med kravet sitt mot storbonden Hallstein Josteinsson på det viktigaste punktet.
Delar av rettsforhandlingane fann stad i Finnesloftet på Voss i august 1350. I den kanskje vanskelegaste stunda i landet vårt si historie var partane samla her til ein forbausande kompetent rettsprosess.
I august 2024 inviterer me alle interesserte til ny samling i Finnesloftet for å få saka kommentert og analysert av nokre av dagens fremste ekspertar på Magnus Lagabøte si Landslov.
Dei originale saksdokumenta
Ettersom me opnar opp for samtale og spørsmål frå salen, er det fint om publikum på førehand kan gjera seg kjent med dei originale saksdokumenta. Her kan du laste ned som pdf ein introduksjon til saka med alle originaldokument frå mellomalderen presentert kronologisk og omsett til nynorsk.
LAST NED: Sak om Finnesgodset 1350 - 1352
LAST NED: Program landslovjubileet, Voss lokallag