Innbyding til årsmøte i Sunnmøre lokallag
Publisert 02.03.2020
Heinrich W. Schmidt var murmeister og entreprenør frå Schleswig-Holstein og kom til Sunnmøre i 1904. Han slo seg ned i Sykkylven, og slo seg opp på å byggje murhus. Han produserte mursteinen sjølv på ein fabrikk han bygde opp på Blindheim i Sykkylven. Han vart etterkvart kjent for sin særeigne stil og husa vart kalla «Schmidt-hus». Mange av dei står den dag i dag, me finn dei i Ålesund, Giske Sandøy, Sykkylven, Stranda, Norddal og fleire andre stader.
Foredragshaldaren Frode Inge Helland er Arkitekt og kunsthistorikar busett i Ålesund. Han har skrive fleire artiklar i «Kunsthstorie» deriblant om om Schmidt og Schmidthusa
Møtet vil innehelde dei vanlege sakane som høyrer til dagsorden. Gratis inngang! Kaffi. Vi samarbeider med Giske folkeakademi.