Jordeskiftesak i 1293 med tungt etterspel i 1303.
Publisert 30.01.2024
17. september kl. 13 inviterer me til eit ordskifte rundt ei odelssak i 1293 om eigedomen Byrkjo på Voss.
Einar Pinnung heitte ein mann for lenge sidan. Han forvalta eigedom og eigde ei tid land på Dyrvedalen på Voss. Jorda hans låg i det fruktbare dyrkingsbeltet på garden Byrkjo på nordsida av Vangsvatnet og talde 11 månadsmatabol 1 etter gjeldande takst i året 1293.
Men Einar skulle ikkje få ha jorda si i fred. Brørne Odd og Hollrod, søner av den mykje akta Halle Bonde på Rogne, sette i 1293 fram krav om at jorda på Byrkjo var deira rettmessige odel. Odd, med sete på ættegarden Rogne, og broren Hollrod på Ringheim, var innflytelsesrike menn og drevne aktørar i det store spelet om dyrkingsjorda på Voss. Hallesønene var vel vitande om at ætta i tidlegare tider hadde eigd og rådd med desse 11 mmb på Byrkjo. Det var tid å ta det tapte attende.
Prosessen starta som «jordskiftesak» med partsforklaringar på Aga hjå Sigurd lagmann i februar 1293. Ti år seinare fekk dommen eit omfattande etterspel på Voss og i Bergen med med kjøpte, falske vitneutsagn og store rettslege forviklingar. Rettsprosessen er omtala i 9 diplom og involverer meir enn 30 personar. Peter Bonde, kjend for å ha oppført Finnesloftet på Voss i 1295, var ein av aktørane som hadde ein sentral rolle i saka som vart handsama under Landslova. Finnesloftet (og Agatunet) er difor den naturlege staden å samlast når ekspertane på mellomalderrett skal gå i djupna i denne omfattande rettsprosessen.
Frå august vert det ei utstilling i Voss bibliotek av forstørra fotokopiar av dei aktuelle rettsdokumenta. Desse vert også utgangspunkt for eit undervisningsopplegg for born og unge om livet på Voss på 1300-talet.