Lys i gamle hus i ny pilotkommune, Voss

Publisert 05.12.2023

Julemarked og lystenning med Lys i gamle hus i Voss 14.des

Vi har den glede å meddele at Voss herad blir med i Fortidsminneforeningens prosjekt, Lys i gamle hus. Dette blir markert med et arrangement på Mølstertunet i Voss - på selveste lysdugnaddagen, den 14.desember. Alle er velkommen!

Merk deg torsdag 14. desember. Denne eine dagen vil Mølstertunet verte lyssett for fyrste gong!

I skumringa kl 17 opnar me opp dørene på tunet. Då vert det lys på husa og lys i husa. Fram til kl 19 kan du  kjøpe varm drikke, julebakst eller fine gåver. Fotograf Kjell Herheim har rigga seg til og gjev råd om korleis du kan ta ditt beste jolebilete hjå oss. Med kombinasjonen gamle hus, snø og varmt lys håpar me å gje dykk ei jolestemning heilt utanom det vanlege.

Kl 19 flyttar me oss inn i varmen på museet. Her vert det vakker song med Berit Opheim.  Så vert det folkemøte og oppstart av prosjektet Lys i gamle hus på Voss. Korleis kan ein få liv og lys i fleire eldre tomme hus? Prosjektet vart starta av Fortidsminneforeningen, Voss vert den 6. kommunen i landet som deltek.

For mer informasjon, se Lys i gamle hus, Fortidsminneforeningen Voss lokallag og vossfolkemuseum.no

14. desember er den nasjonale Lys i gamle hus dagen i hele landet - bli med!