GAMLEBAKERIET

Gamle bakstetradisjonar på Lærdalsøyri

Gamlebakeriet på Lærdalsøyri ligg i hjartet av bygningsmiljøet Gamleøyri med nærare 170 bevarte trehus frå 1700- og 1800-talet. Den unike strandsitjarstaden er ein gamal marknadsstad for handel mellom austlandsbygdene og vestlandskysten. Nausta, buene og pakkhusa på Lærdalsøyri vitnar om nær tilknyting til sjøen og rik handelsverksemd.
61,0986549 7,4815787
Lærdalsøyri, Lærdal , 6887

Lærdal, Sogn og Fjordane (Vestland)

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1972.

Bakeri gjennom 70 år. Bakeriet blei bygd rundt 1880 og var i drift fram til 1950. Det var eitt av fleire bakeri i tettstaden, som hadde nærare 1000 innbyggjarar rundt 1850. Sjølve bakinga gjekk føre seg i denne bygningen, medan eit eige utsal låg i ein liten bygning som vende ut mot Øyragata. Lærdalsøyri var ein stad med stor aktivitet der mange ulike handverkarar heldt til. Gamlebakeriet fortel sin del av historia om dette livskraftige samfunnet inst i Lærdalsfjorden. I dag kjem mange turistar til Lærdal og det flotte fjordlandskapet i Sogn.

Opplevingar i området. Lærdalsøyri, tettstad og administrasjonssenter i Lærdal kommune, ligg inst i Sognefjorden og byr på frodig kulturlandskap og rike natur- og kulturopplevingar. Lærdal har fått merket for Bærekraftig reisemål, eit kvalitetsmerke for reisemål som systematisk jobbar for å redusere reiselivet sin negative påverknad på omgjevnadene. Opplevingane står i kø i dette populære turistområdet med Borgund stavkyrkje, historiske vandrevegar, Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet og naturopplevingar på fjellet og fjorden. Visit Norway.no  

Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994.