LILLINGSTONHEIMEN

Frå mønstergard til engelsk overklasseheim

Lillingstonheimen på Tysse har ei spanande historie. Den jordbruksinteresserte sorenskrivaren Nils Landmark kjøpte garden Tysse i 1809 og bygde han opp til eit mønsterbruk for moderne jord- og hagebruk, og i 1880 kjøpte den engelske språkforskaren Claude Lillingston garden og flytta dit med familien sin. Her fann Lillingston ro til å studere verdsspråka, og her hadde familien heimen sin fram til 1968.
61,3459179 5,2667001
Straumsnesvegen 5, Flekke, 6968

Flekke, Sogn og Fjordane (Vestland)

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 2018.

Frå storgarden Tysse til den engelske overklasseheimen til familien Lillingston. I dag består Lillingstonheimen, som staden har blitt kalla heilt sidan den engelske familien flytta til garden, av eit hovudhus i empirestil, ein tenarbustad, eit uthus og eit eldhus, ein hage i engelsk stil og ein privat gravlund som er i kommunalt eige. Den lengstlevande dottera til Claude Lillingston budde i huset fram til ho døydde i 1968 og testamentert huset, parken og hagen til Fjaler kommune. Huset og familiehistoria formidla eit spanande møte mellom bygdekulturen og engelske overklassetradisjonar. – Men ikkje minst er Tysse gard knytt til Landmark-familien og deira store bidrag til folkeopplysing og utviklinga av det norske landbruket.

Familieavtrykk: Familien Lillingston sette sitt særeigne preg på dei godt bevarte interiøra, som er ei blanding av engelsk og norsk stil. Landmark-familien sette tydelege spor etter seg i samtida og i samfunnsutviklinga på 1800-tallet. Juristen Nils Landmark var sorenskrivar i Sunnfjord i mange år, og han var òg stortingsrepresentant frå 1820. Sonen Lars Stub Landmark var distriktslege, banksjef og ordførar i Fjaler. Dottera Marie Landmark dreiv husmorskule og skreiv «Kokebog for land og by», ei bok som blei viktig i folkeopplysinga om sunt kosthald og hygiene. Sonen Johan Theodor spelte ei viktig rolle i samband med stiftinga av Norsk Landmandsforbund (seinare Norges Bondelag) i 1896.

Opplevingar i området: Eldhusbakarane held bakstetradisjonen i hevd med den vedfyrte bakaromnen i eldhuset. Engasjerte damer frå lokalmiljøet held kurs nesten kvar veke i sommarhalvåret. På ei høgde ovanfor garden bygde Claus Landmark eit parkområde med gravstaden til Landmark-familien, Fredensborg. I dag er dette eit populært turområde. Det er rike moglegheiter for friluftsaktivitetar i området.  Visitsunnfjord.no 

HVA SKJER?