RØDVEN STAVKYRKJE

Eit vakkert, dempa interiør med eit krusifiks av dei sjeldne

Rødven stavkyrkje ligg vakkert til ved Romsdalsfjorden med Romsdalsalpane i bakgrunnen. Kyrkja er ei stavkyrkje av Møretypen, særmerkt ved dei skråstilte utvendige støttene – skordene. Sett utanfrå er stavkonstruksjonen i Rødven stavkyrkje skjult av liggjande kledning. Den innvendige dekoren i taket og himlingen er falma og gjev eit avdempa, stemningsfullt inntrykk.
Stavkyrkjevegen 52, Eidsbygda, 6350

Eidsbygda, Møre og Romsdal 

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1907.

Særprega stavkyrkje – utvendig og innvendig. Kyrkja, slik den står i dag, har bygningsdelar frå fleire periodar. Opphavleg var stavkyrkja ei enkel langkyrkje med rektangulært skip og eit noko smalare kor. Restane av sørportalen på kyrkja, med fletta stenglar som ender i bladfaldar, er eineståande mellom dei stavkyrkjeportalane som er bevarte, og kan truleg daterast til første halvdel av 1100-talet. Sørportalen er truleg brukt opp att frå ei tidlegare kyrkje på staden bygd rundt 1100. På 1600- og 1700-talet blei kyrkja mykje bygd om og utbetra i fleire omgangar, mellom anna etter uvêr i 1689. Truleg var det tidlegare bygd ein svalgang rundt kyrkja som blei riven kring 1600, då koret òg blei rive og erstatta av eit kor som var omtrent like breitt som skipet. Eit våpenhus kom òg til. Utvendig er kyrkja dekt med liggjande kledning, og dette er nemnt i kyrkjerekneskapane frå midten av 1600-talet. Interiøret har måla dekorasjonar frå 1600- og 1700-talet. Mot nord heng ein triumfkross datert 1250–75 med den krossfeste i lekamsstorleik som er eitt av dei fremste eksemplara i tidleg gotisk stil i landet.

Opplevingar i området: I Romsdalen finn du store attraksjonar som NSB Raumabanen, Nasjonal Turistveg Trollstigen, Trollveggen og Romsdalseggen. Rødven stavkyrkje ligg 34 km frå Åndalsnes. Norsk tindesenter i Åndalsnes er eit opplevingssenter med hovudfokus på norsk tindehistorie og bratt friluftsliv. Romsdalen byr på rike moglegheiter for aktivitetsferie. Ei luftig og spektakulær oppleving er Romsdalsstigen Via Ferrata som består av to eventyrlege klatreløyper, Introveggen og Vestveggen. Visitnorway.no 

Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994 / Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005