URNES STAVKYRKJE

Unik verdsarv i storslege fjordlandskap

Urnes stavkyrkje, som er den einaste stavkyrkja på UNESCO si verdsarvliste, ligg vakkert til i det storslegne fjordlandskapet i Luster i Sogn. Ho blei inkludert på lista over verda sin kultur- og naturarv av særleg og universell verdi i 1979. Urnes er datert til rundt 1130, og er såleis ei av dei eldste norske stavkyrkjene. Ho er òg den mest særprega og rikast utsmykka av dei 28 bevarte stavkyrkjene i landet.
61,2979772 7,3229547
Urnes stavkyrkje, Ornes, 6870

Luster, Sogn og Fjordane (Vestland)

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1881.

Utsøkte utskjeringar og rike inventar. Stavkyrkja blei bygd som ei påkosta privat kyrkje for ein stormann på Ornes. Ho er eit smykke av ei kyrkje med rikt inventar og utskjeringar av svært høg handverksmessig kvalitet. Kostelege ting kom langvegs frå til kyrkja. Ultramarinfargen brukt i dekoren kom via Silkevegen, emaljerte lysestakar frå Limoges i Frankrike.

NYTT VERDENSARVSENTER FOR URNES PLANLEGGES

Urnesstilen og romansk stil. Den berømte portalen i nordveggen frå rundt 1070 med utskjeringar av høg kunstnarisk kvalitet er ein av dei aller viktigaste arkitekturskattane i Noreg. Han er skoren ut i det som blir kalla urnesstilen, den siste av stilretningane frå vikingtida. Portalen stammar frå ei tidlegare kyrkje på staden, og materialen er brukt opp att. Dei romanske kyrkjene med terningkapitel og rundbogar kan ha tent som førebilete for stavkyrkja. Søylehovuda på stavane i Urnes er rikt dekorerte med fabeldyr som kentaurar og griffar, fuglar, ulike dyr og bladranker. 

Bevart mellomalderinteriør. Uvanleg mykje av kyrkja sitt mellomalderinteriør er bevart. Over koropninga heng det eit krusifiks, og den krossfeste Jesus er flankert av døyparen Johannes og ein mariafigur. Dette er ei av dei finaste og best bevarte kalvariegruppene i Noreg, truleg frå rundt 1150. Lysestellet frå mellomalderen med takkrone og ein båtforma stake på alteret er på plass, og det er òg «bispestolen» – ein av dei få av mellomaldertypen som er bevarte i Noreg.

Opplevingar i området. Urnes ligg i eit av dei best besøkte turistområda i Noreg, omgjeven av storslegen natur og friluftsopplevingar. Visitsognefjord.no Vestnorskfjordlandskap. Luster kommune har mange attraksjonar og aktivitetar å by på – frå verdsarven Urnes stavkyrkje til Jostedalsbreen, det tradisjonsrike Walaker hotell og vakre Dale kyrkje. Fortidsminneforeininga har òg andre eigedomar i nærleiken: Kaupanger stavkyrkje, Borgund stavkyrkje, Gamlebakeriet på Lærdalsøyri, Hopperstad stavkyrkje, Gaupne gamle kyrkje og Hove steinkyrkje.

Kjelder:

Stavkyrkjeprogrammet til Riksantikvaren. Urnes stavkyrkje. Faktaark.

«Kirker i Norge». Anker, Leif og Havran, Jiri. ARFO 2005