Eigedommane du kan besøkja utover hausten

Publisert 22.08.2023

Fortsatt ferie? Eller planar om ein hausttur? Her får du oversikt over Fortidsminneforeininga sine besøkseigedommar som framleis held ope. Og hugs: Som medlem kjem du gratis inn!

Informasjon om prisar, omvisning for grupper og andre opplevingar i området rundt finn du i lenkja til kvar besøkseigedom.

BLI MEDLEM

Her er det framleis besøkssesong

BORGUND STAVKYRKJE, Lærdal, Vestland: 15. april til 15. oktober

LOGTUN KIRKE, Frosta, Trøndelag: 1. mai til 15. september

URNES STAVKYRKJE, Luster, Vestland: 2. mai – 30. september.

HOPPERSTAD STAVKYRKJE, Vik, Vestland: 18. mai til 18. september

TORPO STAVKIRKE, Ål, Viken: 1. juni til 31. august

KYRKJESTUGGU I TORPO, Ål, Viken: 1. juni til 31. august

UVDAL STAVKIRKE, Nore og Uvdal, Viken: 1. juni til 31. august

KVERNES STAVKIRKE, Averøy, Møre og Romsdal: 10. juni til 3. september.

HUSTAD KIRKE, Inderøy, Trøndelag: Ope alle søn. fra 4. juni til 27. august.

HOLDHUS GAMLE KYRKJE, Bjørnafjorden, Vestland: Åpen etter avtale.

GAUPNE GAMLE KYRKJE, Luster, Vestland: Ope for grupper etter avtale

FINNESLOFTET, Voss, Vestland: Juni til august. Omvisning for grupper må bestilles

LILLINGSTONHEIMEN, Fjaler, Vestland: Ope ved arrangement. Grupper kan bestille omvisning

 

OPE FOR PUBLIKUM HEILE ÅRET

Fleire av våre eigedommar er allment tilgjengelege og kan besøkjast til alle tider.

ABBORHØGDA, Kongsvinger: Skogfinnetorp med eit freda tun og kulturlandskap langs Finnskogleden. Ope ved arrangement. Overnatting kan bestillast gjennom Den Norske Turistforening 

TAUTRA KLOSTERRUIN, Frosta, Trøndelag 

MUNKEBY KLOSTERRUIN, Levanger, Trøndelag

OLAVSSTØTTEN PÅ STIKLESTAD, Verdal, Trøndelag

REINS KLOSTER, Indre Fosen, Trøndelag: Omvisning med guide i ukene 25 til 33

VØIENVOLDEN GÅRD, Oslo: Gårdsanlegg med hage på Sagene allment tilgjengeleg