Sesongopning: Velkomen til Borgund stavkyrkje denne våren!
Publisert 14.04.2023
Publisert 14.04.2023
- Me gler oss til opninga og å kunne ønske både nordmenn og utanlandske turistar velkomen til dronninga av stavkyrkjene, seier Marit Wøllo, dagleg leier for Borgund stavkyrkje i Lærdal i Sogn. Saman med vaktmeister Kjell Gram og guidane er ho klar for sesongopning laurdag 15.april. Antall besøkjande til Fortidsminneforeininga sine eigedommar nådde ein ny topp i 2022 (totalt 196 000), der stavkyrkjene utgjorde ein stor del.
- Det tyder på at å besøke ei stavkyrkje er eit mål for mange av dei som besøker Noreg og for oss som reiser i eige land, og me merker allereie no at folk planlegg å besøke kulturminne, sier Marit.
Borgund er som vanleg den første av våre besøkseigedommer som opner, med Logtun kyrkje i Frosta i Trøndelag (1. mai) og Urnes stavkyrkje i Luster i Sogn (2. mai) som dei neste.
Blant foreininga sine attraksjonar finn du også stavkyrkjene Hopperstad, Kaupanger, Rødven, Kvernes, Torpo, Nore og Uvdal, og alle opnar for besøk etter kvart (sjå oversikt under). Men friluftsmuseet vårt består av mykje meir: mellomalderkyrkjer, eit gardsanlegg frå 1600-talet, ein mektig slottsruin og eit knippe klosterruinar er blant alt det du kan oppleva.
Gjestfrie og kunnskapsrike besøksansvarlege, guidar og frivillige skal sørgja for at du får ei god og givande oppleving. Dei minste besøkjande – kulturminnevernarane i framtida – har me heller ikkje gløymt: Aktivitetsheftet om Fortimus, flaggermusa med supervernkrefter, er eit tilbod til dei yngste ved fleire av besøkseigedommane våre.
SOMMARSESONGEN 2023
BORGUND STAVKYRKJE, Lærdal, Vestland: 15. april til 15. oktober
LOGTUN KIRKE, Frosta, Trøndelag: 1. mai til 15. september
URNES STAVKYRKJE, Luster, Vestland: 2. mai – 30. september. Stengt 17. mai
HOPPERSTAD STAVKYRKJE, Vik, Vestland: 18. mai til 18. september
TORPO STAVKIRKE, Ål, Viken: 1. juni til 31. august
KYRKJESTUGGU I TORPO, Ål, Viken: 1. juni til 31. august
UVDAL STAVKIRKE, Nore og Uvdal, Viken: 1. juni til 31. august
KVERNES STAVKIRKE, Averøy, Møre og Romsdal: 10. juni til 3. september. Også ope helga 3. og 4. juni
HUSTAD KIRKE, Inderøy, Trøndelag: Ope alle søn. fra 4. juni til 27. august.
SAKSHAUG GAMLE KIRKE, Inderøy, Trøndelag: Ope alle søn. i juni til august og ons.-fre. 21. juni til 4. august.
NORE STAVKIRKE, Nore og Uvdal, Viken: 14. juni til 14. august
KAUPANGER STAVKYRKJE, Sogndal, Vestland: 15. juni til 15. august
ROSEKYRKJA, Stordal, Møre og Romsdal: 17. juni til 20. august
HOVE STEINKYRKJE, Vik, Vestland: 21. juni til 15. august (Før-sesong: Ope laur.-søn. 27. mai til 18. juni)
MOSTER GAMLE KYRKJE, Bømlo, Vestland: 22. juni til 15. august
RØDVEN STAVKIRKE, Rauma, Møre og Romsdal: 24. juni til 20. august
STEINVIKHOLM SLOTT, Stjørdal, Trøndelag: 1. juli til 15. august. Juni: ope laurdager og søndager + 2. pinsedag
HESTAD KAPELL, Gaular, Vestland: 1. juli til 31. juli
HOLDHUS GAMLE KYRKJE, Bjørnafjorden, Vestland: Laur.-søn. i juli kl. 12-16. Ellers åpen etter avtale.
GAUPNE GAMLE KYRKJE, Luster, Vestland: Ope for grupper etter avtale
FINNESLOFTET, Voss, Vestland: Juni til august. Omvisning for grupper må bestilles
LILLINGSTONHEIMEN, Fjaler, Vestland: Ope ved arrangement. Grupper kan bestille omvisning
TAUTRA KLOSTERRUIN, Frosta, Trøndelag
MUNKEBY KLOSTERRUIN, Levanger, Trøndelag
OLAVSSTØTTEN PÅ STIKLESTAD, Verdal, Trøndelag
REINS KLOSTER, Indre Fosen, Trøndelag: Omvisning med guide i ukene 25 til 33
VØIENVOLDEN GÅRD, Oslo: Gårdsanlegg med hage på Sagene allment tilgjengeleg
ABBORHØGDA, Kongsvinger: Skogfinnetorp med eit freda tun og kulturlandskap langs Skogfinneleden. Fint turmål. Opeved arrangement.
Som medlem i Fortidsminneforeininga kjem du inn gratis. BLI MEDLEM.