Velkommen inn i skattkammeret i sommer!

Publisert 16.05.2023

Ei vårleg utflukt? Eller planar for sommarferien? Her får du oversikta over sesongopning for alle Fortidsminneforeininga sine besøkseigedommar. Og hugs: Som medlem kjem du gratis inn!

Blant foreininga sine attraksjonar finn du stavkyrkjene Borgund, Hopperstad, Kaupanger, Rødven, Kvernes, Torpo, Nore og Uvdal, og alle opnar for besøk etter kvart (sjå oversikt under). Men friluftsmuseet vårt består av mykje meir: mellomalderkyrkjer, eit gardsanlegg frå 1600-talet, ein mektig slottsruin og eit knippe klosterruinar er blant alt det du kan oppleva.

Gjestfrie og kunnskapsrike besøksansvarlege, guidar og frivillige skal sørgja for at du får ei god og givande oppleving. Dei minste besøkjande – kulturminnevernarane i framtida – har me heller ikkje gløymt: Aktivitetsheftet om Fortimus, flaggermusa med supervernkrefter, er eit tilbod til dei yngste ved fleire av besøkseigedommane våre.

SOMMARSESONGEN 2023

Sjekk opningstider, prisar, omvisning for grupper og andre opplevingar i området rundt i lenkja til kvar besøkseigedom.

BORGUND STAVKYRKJE, Lærdal, Vestland: 15. april til 15. oktober

LOGTUN KIRKE, Frosta, Trøndelag: 1. mai til 15. september

URNES STAVKYRKJE, Luster, Vestland: 2. mai – 30. september. Stengt 17. mai

HOPPERSTAD STAVKYRKJE, Vik, Vestland: 18. mai til 18. september

TORPO STAVKIRKE, Ål, Viken: 1. juni til 31. august

KYRKJESTUGGU I TORPO, Ål, Viken: 1. juni til 31. august

UVDAL STAVKIRKE, Nore og Uvdal, Viken: 1. juni til 31. august

KVERNES STAVKIRKE, Averøy, Møre og Romsdal: 10. juni til 3. september. Også ope helga 3. og 4. juni

HUSTAD KIRKE, Inderøy, Trøndelag: Ope alle søn. fra 4. juni til 27. august.

SAKSHAUG GAMLE KIRKE, Inderøy, Trøndelag: Ope alle søn. i juni til august og ons.-fre. 21. juni til 4. august.

NORE STAVKIRKE, Nore og Uvdal, Viken: 14. juni til 14. august

KAUPANGER STAVKYRKJE, Sogndal, Vestland: 15. juni til 15. august

ROSEKYRKJA, Stordal, Møre og Romsdal: 17. juni til 20. august

HOVE STEINKYRKJE, Vik, Vestland: 21. juni til 15. august (Før-sesong: Ope laur.-søn. 27. mai til 18. juni)

MOSTER GAMLE KYRKJE, Bømlo, Vestland: 22. juni til 15. august

RØDVEN STAVKIRKE, Rauma, Møre og Romsdal: 24. juni til 20. august

STEINVIKHOLM SLOTT, Stjørdal, Trøndelag: 1. juli til 15. august. Juni: ope laurdager og søndager + 2. pinsedag

HESTAD KAPELL, Gaular, Vestland: 1. juli til 31. juli

HOLDHUS GAMLE KYRKJE, Bjørnafjorden, Vestland: Laur.-søn. i juli kl. 12-16. Ellers åpen etter avtale.

GAUPNE GAMLE KYRKJE, Luster, Vestland: Ope for grupper etter avtale

FINNESLOFTET, Voss, Vestland: Juni til august. Omvisning for grupper må bestilles

LILLINGSTONHEIMENFjaler, Vestland: Ope ved arrangement. Grupper kan bestille omvisning

 

OPE FOR PUBLIKUM HEILE ÅRET

Fleire av våre eiedommarer er allment tilgjengelege og kan besøkjast til alle tidene i år.

TAUTRA KLOSTERRUIN, Frosta, Trøndelag 

MUNKEBY KLOSTERRUIN, Levanger, Trøndelag

OLAVSSTØTTEN PÅ STIKLESTAD, Verdal, Trøndelag

REINS KLOSTER, Indre Fosen, Trøndelag: Omvisning med guide i ukene 25 til 33

VØIENVOLDEN GÅRD, Oslo: Gårdsanlegg med hage på Sagene allment tilgjengeleg

ABBORHØGDAKongsvinger: Skogfinnetorp med eit freda tun og kulturlandskap langs Skogfinneleden. Fint turmål. Opeved arrangement.  

 

Som medlem i Fortidsminneforeininga kjem du inn gratis. BLI MEDLEM.